Tre spørsmål til Jonas Øren, forfatteren av Scenekunstklassikere #9
- Foto Anna Røed
Den nyeste boka i serien Scenekunstklassikere #9 Ingun Bjørnsgaard Prosjekt: Pli à pli (1998), skrevet av Jonas Øren, lanseres 3. juni. Mens vi venter på boklanseringen, har vi tatt en prat med Jonas om arbeidet med boka.
Kan du fortelle litt om deg selv? Eg er skapande og utøvande dansekunstnar, og arbeider også med formidling og kontekstualisering av det kunstnariske programmet på Dansens Hus. Opprinneleg er eg i frå Høyanger i Sogn, og har som ein følge av dansen budd i Oslo i 20 år.
Hvorfor ønsket du å skrive om Pli à pli? Pli à pli (1998) er ei framsyning som har vore med meg i medvitet sidan eg såg ho på film i 2012. Videodokumentasjonen av danseverket vart vist som ein del av markeringa av 20-årsjubileet til kompaniet Ingun Bjørnsgaard Prosjekt i mars det året. Den gongen røska framsyninga i mi forståing av kva dans skulle/kunne vere, både når det kom til konvensjonar, absurditet, temperament og stil. I ettertid har eg sett ting av både eldre og nyare opphav som har minna meg om Pli à pli (1998), blant anna i film, kunst, litteratur og mote: Alt i frå motefotografia til Guy Bourdin, den visuelle signaturen til Rainer Werner Fassbinder og scenario i framsyninga Café Müller av Pina Bausch og Tanztheater Wuppertal har av ulike årsakar tatt minnet mitt til Pli à pli. I 2012 vart framsyninga for meg eit bilete på at dans kunne vere humoristisk, teknisk briljant, smart, vakker og smårar på same tid. Eg elska framsyninga – og gjer det framleis i dag etter å ha opplevd ho på nytt, både i auge og i kropp.
Hvem er du som forfatter, og hvordan har din skriveprosess vært med denne boka? Som forfattar er eg nysgjerrig og litt sta, og eg er oppteken av å ikkje skrive på ein smart-ass-måte som ekskluderer. Språk er både makt, mur og pynt, noko eg meiner mange gløymer eller veljer å ikkje tenke på. Eg er ein sucker for språkleg ornamentikk, men trur ikkje eg er den beste ordsmeden.
Eg trur eg lett kan skrive meg sjølv inn i hjørner som gjer at eg av og til blir i tematikkar eller tekstmaterie for lenge. Her vart det langstrakte resonnement om Prada-assosiasjonar, barokkemønster ala Christian Lacroix og danseterminologi. Lenge var hovudfokuset å halde skrivearbeidet så lystbetont som mogleg, noko som ikkje alltid funkar når ein har deadlines å forhalde seg til.
Teksten er hyper-subjektiv og assosiativ i forma. Han skal seie noko om korleis eg forstod framsyninga i 2012 og korleis eg forstår ho i dag. Slik trur eg han også seier noko om korleis tid endrar ei framsyning i auga til publikummaren. Mine refleksjonar står også ved sidan av intervjua med Ingun Bjørnsgaard og dansekunstnarane Gry Kipperberg, Sigrid Edvardsson og Terje Tjøme Mossige. Det har vore interessant å sjå kor mykje eg i mine refleksjonar ikkje les «riktig» sett i lys av kunstnarisk utgangspunkt og metodiske grep.