Pia Maria Roll /​ Hanan Benammar /​ Sara Baban presenterer: Ways of Seeing
Under Heddadagene. Gjestespel presentert av Det Norske Teatret i samarbeid med Black Box teater.

13.–15. juni 2019

Past showings

20:30, Det Norske Teatret – Scene 2

13:00, Det Norske Teatret – Scene 2

17:30, Det Norske Teatret – Scene 2

18:30, Det Norske Teatret – Scene 2

Pressemelding fra Det Norske Teatret:

I november hadde teaterframsyninga Ways of Seeing premiere på Black Box teater i Oslo. Det blei starten på ein oppheita debatt som resulterte i justisminister Tor Mikkel Waras avgang. No er den omstritte framsyninga klar for å bli vist for eit større publikum under den årlege teatermønstringa Heddadagane i Oslo. 13. til 15. juni vil Ways of Seeing bli sett opp på Det Norske Teatrets Scene 2 med 4 framsyningar. Ei framsyning som har skapt så mange debattar og skarpe frontar i ordskiftet er av offentleg interesse og som eit bidrag til den opplyste samtalen ønsker Det Norske Teatret å legge til rette for at folk kan danne seg ei mening på bakgrunn av det faktiske verket.

Ways of Seeing blei skulda for å krenke privatlivets fred og framsyninga blei etter kvart sett på som årsak for en serie av trusselaksjonar mot justisministerens bustad. Kunstnarane blei dessutan utsette for personangrep og trugslar så grove at dei var nøydde til å melde forholda til politiet. I byrådet fremma FrP forslag om å trekke den kommunale støtta til Black Box teater, eit forslag som ingen andre parti støtta. Saka fekk ei brå vending da justisministerens sambuar blei sikta for å ha fingert hendingane som av politiet og media blei omtalt som alvorlege trugsmål mot demokratiet. Dagen før Waras sambuar blei sikta i saken, sikta Oslo-politiet teatersjef ved Black Box teater Anne-Cécile Sibué-Birkeland, teaterregissør Pia Maria Roll og skodespelarane Sara Baban, Hanan Benammar for å ha krenka privatlivets fred. Denne siktinga blei seinare fråfalle. Framsyninga har skapt debatt i og om mange ulike fagfelt og har vore utgangspunkt for diskusjonar om ytringsfridom, jus, etikk, politiets rolle, kunstens rolle, mediehandtering, kommentarjournalistikk, armlengde-prinsippet, maktforhold og stipendtildelingar.

Justisminister Tor Mikkel Wara måtte forlate statsrådsposten, men debatten rundt Erna Solbergs utsegn og pressens handsaming av saka, er ikkje over. Aldri tidlegare har ei teaterframsyning vore utgangspunktet for tilsvarande merksemd og engasjert debatt. Gjennom å utforske temaet overvaking og grensene mellom kva som er lov og kva som er ulovleg, sette stykket viktige spørsmål på dagsorden. Kunstnarane gjorde dette gjennom aktivisme og konfrontasjon, men innanfor rammene av lova. Tidlegare høgsterettsdommar Ketil Lund, som leia etterforskinga av den ulovlege statlege overvakinga av venstresida på 90-talet, var òg sentral i framsyninga. Dei politiske analysane i Ways of Seeing er prega av kunstnaranes eigne, personlege perspektiv og erfaringar.

Heddadagane er den største teatermønstringa i Noreg og samlar eit breitt spekter av scenekunst frå heile landet til ei veke med framsyningar, arrangement og fagprogram i Oslo. 11.-18. juni er det tredje gongen Heddadagane blir arrangert og nærare 50 framsyningar er programmerte i denne runden. 33 scenekunstinstitusjonar frå Kristiansand i sør til Kautokeino i nord har gått saman om å leggje til rette for årets mønstring, og programmet blir valt ut av dei kunstnarlege leiarane ved desse institusjonane. Ways of Seeing blir del av programmet under Heddadagene i samarbeid med Black Box teater og kunstnarane som står bak produksjonen.